Om grunnstens-nedleggelsen i Valldal
25.10, 2015
Den georgiske patriarken kom ikke til grunnstens-nedleggelsen for klosteret på Syltefjellet i Valldal.
Storfjordnytt gir informasjon om saken.
Patriarken var ikkje sjuk
Då grunnsteinnedlegginga til klosteret på Syltefiellet vart avlyst i tolvte time, vart ein sjuk patriark gjeve som arsak. Det stemmer ikkje.
13. august skulle det vere storstilt seremoni på klostertomta på Syltefjellet med etterfølgjande arrangement med mellom anna middag på Muritunet. Alt var klart, invitasjonar sende ut og ei lang rekkje personar hadde meldt sin ankomst. Deriblant den georgiske ambassadøren til Norge. Så – i aller siste liten – vart arrangementet stoppa. Likevel vart det skipa til ein seremoni på klostertomta. for avlysinga kom sa seint at mange av gjestane allereie var komne.
Dei fleste av Storfiordnytt sine lesarar fekk nok med seg forklaringa om den sjuke patriarken som hadde så lyst til å delta, men som ikkje vart raskt nok frisk etter ein operasjon. Historia fekk stor merksemd både i regionale og nasionale media. Kvifor ei slik løysing vart valt framfor sanninga, har det ikkje lukkast å få noko svar på.
Eit lite attersyn
Glenn Hole fatta tidleg i sitt virke som administrerande direktør ved Muritunet interesse for nonnene på den gamle prestegarden i Norddal, og i april i år hjelpte han dei med å skipe
“Foreningen for de georgisk ortodokse klostrene Saint Olav og Saint Sunniva” som skulle ha til foremål å leggje til rette for etablering av to kloster, eitt kalla Hellig Olav i Valldal med nonner og det andre kalla Hellig Sunniva i Selje med munkar. Foreininga skal drive med innsamling av midlar for a fa bygd desse Klostra – i tillegg til å stå for vedlikehald og drift av der.
Hole sa seg villig til à vere styreleiar i foreininga, med Irenaca Gillebo (abbedisse Thavoria) som nestleiar. Dei andre styremedlemmane er prosjektleiar for Muriparken, Egil Ove Farstad og munkane i Selje, Andrey Muniyev og Kent-Eirik Gabriel Olsen (høvesvis fader Antipa og fader Agathangelos).
Sa starta arbeider med ein symbolsk seremoni på klostertomta der grunnsteinen skulle leggjast ned og eit stort arbeid med å forebu og leggje til rette for arrangementet vart lagt ned.
Stoppordre
Alt var klappa og klart til hogtidelegheita – inntil to dagar før. Då kom det brev fra patriarkatet med stoppordre. Årsaka var ikkje, slik det vart sagt, en sjuk patriark. Det var nemleg aldri meininga at patriarken skulle ta turen og etter det Storfjord-nytt erfarer var han heller ikkje på lista over giestar som hadde takka ja til invitasjonen, men patriarken hadde på forehand gjeve si godkjenning til arrangementet, dette skjedde i møte med administrerande direktør Glenn Hole og styreleiar for Muritunet, Asmund Kristoffersen, i mai månad.
Hole seier i ein kort kommentar at han viser til pressemeldinga si i hove saka der det står at interne hendingar i patriarkatet var grunnen til at grunnsteinsnedlegginga vart utsett. Hole stadfestar overfor Storfjordnytt at han ikkje var kjent med at Patriarken skulle kome.
– Men det betyr ikkje at han ikkje kan ha gjeve desse signala til klosteret, sier han. Når det gjeld dei interne tilhøva i kyrkja. er det noko han korkje har kunnskap eller foresetnader til å gå inn i.
– Dette må kyrja ordne internt, seier han.
Kritikkverdige tilhøve
Alle kloster i den ortodokse kyrkja må vere underlagt eit patriarkat. Nonnene i Norddal og munkane i Selje er under patriarken i Georgia, men den åndelege leiaren deira er arkimandritt Dionysios i Hellas (arkimandritt er ein tittel i den ortodokse kyrkja og er ein abbed, eller forstandar, for eitt eller fleire store kloster og i rang star arkimandritten under biskopen).
Etter det Storfjordnytt kjenner til, er det kritikkverdige ting kring arkimandritt Dionysios som fekk patriarkatet i Georgia til å ville undersøke nærare. Det skal dreie seg om både kyrkjelege og andre tilhøve der arkimandritten kan ha gått utover sine fullmakter, mellom anna når det gjeld utnemning av abbedar. Det er sagt at ein delegasjon fra patriarkatet vil ta turen for a danne seg eit inntrykk av tilhøva bade i Norddal og i Selje, og inntil del er gjort, vert det ikkje planlagt noko nytt arrangement for å leggje ned grunnsteinen.