55 maksimer av fader Thomas Hopko
09.11, 2015
- Vær alltid med Kristus og stol på Gud i alle ting
- Be slik du kan, ikkje slik du trur du må
- Ha ein gjennomførbar bøneregel som du disiplinerer deg til å gjennomføra.
- Sei Fadervår fleire gonger for dagen
- Genta ei kort bon når tankane dine ikkje er opptekne
- Bøy deg til marka nokre gonger når du ber
- Et sunn mat i moderasjon og fast på fastedagar
- Praktiser å vera stille, både innvendig og utvendig
- Sit i stille i mellom 20 til 30 minutt kvar dag
- Utfør nestekjærlege gjerningar i løyndom
- Gå regelmessig til gudstenester
- Gå regelmessig til skrifte og ta del i den heilage nattverden
- Ikkje gå i dialog med uvelkomne tankar og kjensler
- Legg regelmessig alle dine tankar og kjensler fram for ein person du stolar på
- Les den heilage skrifta regelmessig
- Les gode bøker, litt om gongen
- Ha fellesskap med helgenane
- Ver ein vanleg person, ver ein av menneskeslekta
- Ver høfleg mot alle, i første rekkje mot familiemedlemmer
- Hald det reint og ha orden i heimen din
- Ha ein sunn og helsebringande hobby
- Tren regelmessig
- Ta ein dag om gongen, ta ein ting om gongen
- Ver fullstendig ærleg, først og fremst med deg sjølv
- Ver trufast i det små
- Gjer arbeidet ditt, og gløym det så
- Gjer det vanskelegaste og mest smertefulle først
- Sjå røyndomen i augo
- Ver takksam
- Ha godt humør
- Ver enkel, gøymt, stille og liten
- Ikkje søk merksemd
- Lytt når folk snakkar til deg
- Ver vaken og merksam, fullt ut nærverande der du er
- Ikkje tenk eller snakk om noko meir enn naudsynt
- Snakk enkelt, klart, fast og direkte
- Flykt fra fantasiar og overanalysering
- Flykt fra det kjødelege, seksuelle så snart det dukkar opp
- Ikkje klag, surmul, muml eller syt
- Ikkje søk etter at nokon skal rosa deg, eller synast synd på deg
- Samanlikn deg ikkje med nokon
- Døm ingen for noko
- Prøv ikkje å overtyda nokon om noko
- Ikkje forsvar eller rettferdiggjer deg sjølv
- Ver definert og bunden av Gud, ikkje av folk
- Ta imot kritikk med mild aksept og undersøk kritikken grundig
- Gje råd berre når du blir spurt eller når det er di plikt
- Gjer ingenting for andre som dei kan og bør gjera sjølve
- Ha eit dagleg tidsskjema over aktivitetar for å unngå det tilfeldige
- Vis miskunn både mot deg sjølv og andre
- Forvent ikkje anna enn å bli kraftig freista heilt til siste åndedrag
- Fokuser utelukkande på Gud og på lyset, og aldri på mørket, freistingar eller synd
- Hald ut den prøvinga du sjølv og dine eigne feil representerer, ved Guds nåde
- Når du ramlar, reis deg straks opp att og prøv på nytt
- Ver ikkje redd for å spørja om help når du treng det – utan frykt eller skam